Ottar Kåsa

Spelemann og felemakar

Reparasjonsarbeid

Eg tek på meg ulike reparasjonar av ulike strykeinstrument, med hovudfokus på hardingfeler. Om du har skader på instrumentet, eller rett og slett vil ha ein betre lyd i fela, er det berre å ta kontakt.

Nybygg

Om du vil ha eit nytt instrument, kan du legge inn ei bestilling på epost eller telefon. Kvart instrument er unikt, med sine individuelle kvalitetar, og eg er open for å tilpasse instrumentet til dine behov.

Speleoppdrag

Eg tek på meg ulike speloppdrag.

Dekor av instrument

Eg har dekorert gitarar, bassgitarar og trommesett med personlege roseteikningar, og tek gjerne på meg dekorasjonsoppdrag av ditt instrument.

Velkomen til heimesida mi!

Eg har vore profesjonell hardingfelemakar sidan 2008, og har laga kring 45 hardingfeler. I tillegg driv eg også med utforsking og bygging av andre instrument; slik som hardingbratsj og hardingcello (bratsj og cello med understrengar og hardingfele-estetikk). I tillegg til bygging av nye instrument har eg også lang erfaring med ulike reparasjonsoppdrag og rigging av instrument. Eg utsmykkar også andre instrument med hardingfeledekor, til dømes trommer, gitarar og liknande. Eg har vunne Feleutstillinga på Landskappleiken 4 gonger, og blitt tildela Gullmedalje for eit av desse instrumenta.

I tillegg til å lage hardingfeler er eg også spelemann. Eg har hatt konsertar i inn- og utland, vunne Landskappleiken 4 gonger, og gitt ut to soloplater; Ottar Kåsa (Folkelarmprisen/Spelemannsprisen 2012) og Kjoskrullen (Folkelarmprisen 2015).